20. april 2010

ASKEnyhende skapar nye ASKEord

Språket vårt utviklar seg. Nye situasjonar og hendingar skapar behov for nye ord og uttrykk. "Askefast" og "askekrise" er nye ord som i løpet av nokre få dagar har sett seg i det norske språket. Språkdirektør Lomheim er svært nøgd med det nye ordet askefast.

"Askefast" vart brukt av VGnett tidleg om morgonen den 15. april då dei skulle skildra at statsministeren "sat fast" i New York grunna den islandske askeskya. Sidan har ordet spreidd seg. I skrivande stund fører eit googlesøk på "askefast" til 50.800 treff.

Askespråket har dessutan vidareutvikla seg: Bergens tidende skriv om askeangst og Sandefjord blad om askerast. TV2nyhetene rapporterer om askeparkering. Folk må aske-haike heim frå utlandet, sidan luftfarten er askeramma. (Dette kan føre til askepermittering)

Mange nye askeord dukkar opp i samband med askekaoset og askesituasjonen!

1 kommentarer:

ingrid sa...

Her er en liste over mange nye aske-ord:

http://listeparty.blogspot.com/2010/04/aske-liste.html

hehe ;)