5. mars 2010

Slett meg no!

Datatilsynet lanserer ei ny rådgjevingsteneste, ei slettehjelp på internett som heiter slettmeg.no. Her skal personar som føler seg krenka på nett få hjelp til å slette uønska materiale. Tenesta er blitt til etter framlegg frå personvernskommisjonen.

Målet er å bevisstgjere brukarar og å gje hjelp til sjølvhjelp. Ein skal få informasjon om gjeldande lover og reglar på området og det skal opprettast eiga telefonlinje og chatte-teneste. Slettmeg.no skal kun gje råd til dei som har hamna i nett-trøbbel, slik at brukarane kan slette sakene/bileta/profilane. Folk og organisasjonar skal gjennom tenesta bli i stand til å gjere dette sjølve. Dersom det ikkje finst noka løysing, skal det vera lett å ta saka vidare til sjølve Datatilsynet. Tenesta skal vere lite byråkratisk og målet er at ting skal skje raskt.

Det skal bli interessant å sjå korleis dette vil gå. Saker og ting som vert lagt ut på internett sprer seg fort. Skaden har alt skjedd dersom noko uønska har hamna på nettet. Men det går an å redusere skaden. Om ein skulle finne informasjon ein føler er krenkande eller som ein av andre grunnar ønskjer å få vekk, bør ein vere raskt ute. Di raskare ein får informasjonen vekk, di mindre sjanse er det for at det vil dukke opp seinare.

Å vera føre var er sjølvsagt viktig. Me bør alle verta meir bevisste på det me legg ut. Og ei ny undersøking som nettvett.no har utført, viser faktisk at det er dei eldste som bør sjekke persondataene sine betre. Dei unge er ikkje så slurvete på nettet som me kanskje trur..

0 kommentarer: