24. mars 2010

Nynorsk i kvardagen

I landsmøtet til Norsk Målungdom denne helga, samla målungdomar frå heile landet seg for å staka ut kursen for organisasjonen framover. Dei held fram kampen for å gjera nynorsken meir synleg. Å gjera nynorsk meir tilgjengeleg på alle samfunnsområde er ei viktig sak for målungdommen. Kampen for nynorsk i riksmedia er ei prioritert arbeidsoppgåve, og Norsk Målungdom skal arbeide for nynorsk i dei største nettavisene.

Folk ser og les for lite nynorsk i kvardagen. Me treng å sjå meir nynorsk der me er. Me treng nynorske aviser og nettstader. Me treng nynorskbrukande journalistar og informasjonsmedarbeidarar.

Det verkar no som om det vert fleire og fleire bokmålsbrukarar, fordi folk tykkjer det er enklare eller vanlegare. Men kan det verkeleg vera rett at VG og Dagbladet har nær totalforbod mot nynorsk i avisene sine? Språkleg mangfald er sunt!

Sjølv om nynorsk er eit offisiellt språk i Norge, er det ikkje alle som vil godta at det er slik.

Staten går heller ikkje føre som eit godt eksempel. Ein ny rapport om målbruk i staten, viser at mange statsorgan bryt mållova.

Ifølgje Språkrådet brukar statsorgana litt meir nynorsk på nettsidene sine no enn før, men framleis bryt tre av fire statsorgan mållova. Alle statsorgana vart pålagde av storting og regjering å trappe opp arbeidet med å etterleve mållova. Nynorskprosenten skulle aukast, på nett og papir. Men berre eitt av fire statsorgan oppfyller krava. Statsorgana det er tale om her er høgskular, universitet, direktorat og ombod.

På statlege nettsider er det no om lag 10 prosent nynorsk, mot 5 prosent for nokre år sidan. Kravet er 25 prosent. Om lag halvparten av alle skjema som er i bruk i staten, er på nynorsk. Kravet er at alle skjema skal finnast på begge målformer. Krava har vore dei same i mange år.

Det er framleis langt att før dei statlege etatane oppfyller krava i mållova.

0 kommentarer: