Kommunal- og regionaldepartementet sender i dag ut ein landsomfattande brosjyre der dei oppmodar alle lokalpartia om å nominere annakvar mann og kvinne. Kommunalminister Liv Signe Navarsete er ikkje nøgd med kvinnedelen i kommunestyra. "Fleire kvinner må med. Lokalparti og lister må sette kvinner på topp", utfordrar statsråden.
I desse tider blir nominasjonsnemndene i kommuneparti og fylkesparti sette ned. Desse nemndene avgjer langt på veg om kvinner skal få meir makt i lokalpolitikken. Sjølv om kvinnedelen både på listene og i dei kommunale organa har auka, er det langt att til kvinner og menn er likt representerte. Ved kommunestyrevalet i 2007 blei det valt inn 37,5 prosent kvinner i norske kommunestyre, og for leiarposisjonane var kjønnsfordelinga endå skeivare. Berre 23 prosent av ordførarane i landet er kvinner.
Måten vallistene blir sett opp på har mykje å seie for kor mange av kvart kjønn som blir valde inn i kommunestyra. Fleire kvinner i lokalpolitikken er viktig i eit moderne demokrati. Det vil gje større breidde i synspunkt og korleis me løyser ulike saker dersom begge kjønn er representerte der dei viktige avgjerdene blir tekne.
Kommunal- og regionalministeren vil ha slutt på gubbeveldet. Ho seier:
"Eg vil ha fleire kvinnelege kommunestyrerepresentantar, fleire kvinnelege ordførarar og fleire kvinnelege rådmenn. Eg vil ganske enkelt ha slutt på gubbeveldet i lokalpolitikken.... Mi oppfordring til dei som legg den lokalpolitiske kabalen er difor å lokke kvinnene til topps. Og til mine medsøstre - ta på deg lokalpolitiske verv, gjerne leiarverva, når du no blir spurd!"
Kvinner og menn ser ofte ulikt på saker og ting. Difor er det viktig med kjønnsbalanse i politikken. I den kommande nominasjonsprosessen til valet 2011, bør absolutt fleire parti satse på ei kvinne på topp! Men ein må også ha fokus på kjønnsbalanse når valet er over; då startar fordelinga av posisjonar og makt. I dag er ofte posisjonane som ordførar, utvalsleiarar og formannskap dominerte av menn.
Innan kommuneadministrasjonane er det også svært skeiv kjønnsfordeling. I kommunane er det stor overvekt av kvinnelege tilsette, men leiarane er ofte menn. Berre 18 prosent av rådmennene her i landet er kvinner.
8. mars 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar