12. februar 2010

Verdens eldste merkevare

Sunlight husholdningssåpe vart lansert i England i 1884 og vart då ein av dei fyrste internasjonale merkevara. På den tida var det vanleg å selje såpestykker i "metervis" (eller rettare sagt centimetervis), - kundane fekk kjøpa så mykje såpe dei ville av ei lang stang med såpe. Sunlight derimot, vart lansert med standard vekt og med sin eigen karakteristiske pakning. Marknadsføringa av såpa gjekk føre seg i alle media som fantest den gongen. Alt dette førte til at kundane kjende att produktet.

Sunlightsåpa var mjukare, skumma meir og løyste seg lettare opp enn dei andre såpene som fantest på marknaden. Sunlight vart ein stor suksess.

Produktet kom på den norske marknaden på 1920-talet, og i 1931 overtok Lilleborg produksjonen og namnerettane til Sunlight her i landet. For mange i Norge har Sunlight (som oftast vart kalla "Sunnlikt") vore sjølve symbolet på hygiene, og vore den leiande hushaldningssåpa i over 70 år. Trufaste brukarar har brukt såpestykket både til tøyvask, oppvask og anna reingjering.



No har produktet gått ut av produksjon hjå Lilleborg. Så me som har vakse opp med såpa får ta vare på minnet om den reine lukta - av nostalgi.

0 kommentarer: