Mørkemennene er ganske så ulike. I den norske finalen i Melodi Grand Prix såg og høyrde me eksempel på musikalske mørkemenn. Men Keep of Kalessin sjokkerte nok verken TV-publikumet eller andre. Tidlegare såg mange på heavy metal/black metal-sjangeren som farleg og ekstrem. I dag er dei så "stovereine" at folk knapt hevar eit augebryn når det dukkar opp langhåra svartmetall-rockarar på riksdekkande laurdags-TV. Og me kan konstatere at dei er berre pusekattar samanlikna med dei religiøse mørkemennene.
Krf-nestleiar Inger Lise Hanssen har fått ei anna gruppe mørkemenn på banen. Dette er dei kristne mørkemennene. Folk flest sine haldningar til homofili har endra seg kraftig dei siste tiåra, men haldningsendringa har ikkje komme like langt hjå alle. Det finst også i dag ein del menneske som meiner at homofilt samliv er unaturleg og feil. Dei fleste av oss vil hevda at slike meiningar er tåpelege og utdaterte.
I det etter kvart vidgjetne intervjuet i Aftenposten skaka Hansen opp den konservative fløyen i partiet sitt. Hennar synspunkt har ført til debatt om Kristeleg folkeparti sin politikk og framtid. Både mellom politiske kommentarar og innan partiet er det usemje og eit aktivt ordskifte.
I demonstrasjonen mot at Dagbladet trykte den 13 år gamle ekstremistiske teikninga av profeten som gris, dukka det opp ein annan religiøs mørkemann. Kanskje den mørkaste mørkemannen på lenge. 24 år gamle Mohyeelden Mohammad er busett i Larvik og visstnok sharia-student i Medina. Han fekk stor merksemd for talen sin, der han åtvara mot terror i Norge. Klassekampen har sitert han på at homofile fortener å døy -henrettast ved steining! - på grunn av legninga si, og at demokratiet strir mot den muslimske trua. Vidare skal han ha hylla Osama bin Laden og martyrdøden.
LLH har meldt Mohammad til politiet for ytringane om dei homofile, to Dagbladet-reportarar skal ha blitt drapstruga, Mohammad vart pågripen og deretter sleppt ut att. Kven som no har anmeldt kven og kven som føler seg trua av kven kan det bli litt vanskeleg å halda styr på.
Haldningane og utsegnene til Mohyeelden Mohammad er sjølvsagt heilt uakseptable. Me må ikkje vere redde for å kritisere og ta avstand for slike ytringar. Dersom ein ikkje fordømmer slike haldningar, bidreg ein til auka framandfrykt.
Samstundes er det viktig å ikkje overreagere, for Mohyeelden Mohammad er på ingen måte representativ for muslimar i Norge. Sjølv om Siv Jensen gjerne vil ha oss til å tru det.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar