19. januar 2010

Sutrekoppen Bøkko

OL-medaljehåpet Håvard Bøkko står meir og meir fram som ein sutrekopp og sytepave. Det virkar som om han hevar seg over laget og forbundet. Eller er det den avsette (men halvveges gjeninntekne) trenaren som står bak? Har Peter Mueller hjernevaska eleven sin? Har han sørga for at Bøkko er full av negative kjensler og meiningar om dei nye landslagstrenarane? Det virkar faktisk slik.

Bøkko har fullstendig feil innstilling. Det er dårleg gjort av Bøkko å insistere på å halda fram med Mueller som trenar. Han burde teke omsyn til resten av laget, til trenarane, til forbundet og spesielt til Maren Haugli. Han har trassa seg fram til ein ordning med Mueller som ein slags personleg trenar. Truleg har Peter Mueller fått Håvard Bøkko til å tru at han sjølv er uunnværleg.

I eit forsøk på å behalda roen i skøytelandslaget har ein engasjert tidlegare toppløpar Eskil Ervik som ein "mental støttespelar", dessutan skal Bøkko sleppe å forhalde seg til sin nye trenar, Johan Olav Koss.

Dette er sikkert ordningar som er komne i stand sidan Bøkko er medaljekandidat i OL som startar om få veker. Men er det rett at ein utøvar skal vera primadonna på denne måten? Håvard Bøkko er faktisk ein del av eit landslag og burde dermed følgja dei reglane og retningslinjene som gjeld. Dersom særordningar må til for at Bøkko skal prestere i OL, blir det for dumt. Martine Aurdal har ein glimrande kommentar i Dagbladet.no om akkurat dette.

Såpeoperaen med Bøkko, Mueller og Koss er unødvendig støy. Olympiatoppen burde brote absolutt alt samarbeid med Peter Mueller då han fekk sparken i november.

0 kommentarer: