29. januar 2010

Den viktigaste idrettsarenaen

Helsedirektøren presenterte nyleg nøkkeltal for helsesektoren. Her kjem det fram at sjølv om nordmenn aldri har vore friskare, er det eit stort problem at folk er for lite aktive. Norske barn og ungdommar vert feitare. Årsaka er m.a. mykje PC- og TV-sitjing og lite fysisk aktivitet.

Helsedirektøren ynskjer å auka innsatsen på førebyggjande arbeid. Me får eit stort helseproblem i framtida dersom me ikkje klarar å stoppe den negative utviklinga. Men kampen mot stillesitjing og fedme vert ei stor utfordring i åra som kjem. I ein stor kartlegging som vart gjennomført av helsestyresmaktene i fjor haust, vart det stadfesta at dei fleste er for lite fysisk aktive.

Grunnlaget vert lagt i unge år. Regelmessig og variert fysisk aktivitet er naudsynt for normal vekst og utvikling av muskelstyrke og motoriske ferdigheiter hos barn og unge. Det er kraftig skilnad mellom dei mest og minst aktive. Kva konsekvensar dette har for helsa til dei som er inaktive, ser ein fyrst når dei vert vaksne. Helsegrunnlaget som vert lagt når ein er fysisk aktiv som ung, fører til at ein vert meir funksjonsdyktig som vaksen.

Meir fysisk aktivitet i skulen er viktig og naudsynt. Elevar på 5.-7. trinn i grunnskulen har no rett på regelmessig fysisk aktivitet utanom kroppsøving. Fokus for desse aktivitane skal vere glede og meistring ved rørsle, og at alle skal vere med. For småskulebarn som går på SFO bør det òg vera plass for meir fysisk aktivitet. Det må difor bli auka fokus på skulane sine uteområde slik at det vert lagt til rette for meir aktivitet. Mange nærmiljøanlegg vert no utforma og bygd som ein del av uteområda til skulane.

Der det høver bør ein leggje forholda meir til rette for aktivitet på skulevegen, t.d. ved å satse meir på byggjing av gang- og sykkelvegar. Slik at ungane og ungdommane kanskje slepp å bli frakta til skulen med bil og buss.

Ein annan viktig arena for fysisk aktivitet er barneidretten. Dei mange idrettslaga og klubbane rundt omkring i landet gjer her eit utruleg viktig førebyggjande arbeid. Norges Idrettsforbund har sett opp følgjande utfordringar for barneidretten:


  • Korleis skal ein få borna til å bevege seg meir i ein kvardag der stadig fleire er fysisk inaktive?

  • Korleis skal vi legge til rette for eit mangfaldig idrettstilbod for barn?

  • Korleis skal vi få fleire barn til å halda fram med idrett når dei vert tenåringar?

  • Korleis skal vi gje barn aktivitetsglede som gjev inspirasjon til fysisk aktivitet livet ut?


  • For at barneidretten skal lukkast, må ein ha dyktige trenarar og aktivitetsleiarar. Foreldreengasjementet må også vera positivt, for eksempel ved at:

  • Ein møter fram på treningane/aktivitetane så sant ein kan

  • Ikkje presser ungane, men stimulerer til deltaking

  • Gjev borna fornuftig utstyr

  • Oppmuntrar i medgang og motgang

  • Oppmuntrar alle, ikkje berre eigne barn

  • Viser nulltoleranse for rusmiddel, mobbing og rasisme

  • Respekterer funksjonærar, dommarar og lagleiarar

    Barneidretten skal skape eit godt og variert aktivitetstilbod, slik at ungane får utvikle seg både fysisk, psykisk og sosialt. Innan barneidretten får dei høve til å prøve seg i fleire idrettar og i mange ulike miljø. På den måten vert dei trygge og rike på opplevingar og utfordringar.

    Slik får me glade, aktive og friske barn. Slik får også talenta utvikle seg på rett måte. Det visar seg at dei beste idrettsutøvarane både i Norge og andre land har drive med svært allsidig idrett i ung alder.


  • Barneidretten er altså på mange måtar den viktigaste idrettsarenaen me har.


    0 kommentarer: