23. desember 2009

Så går vi rundt om..

og rundt om.. og rundt om..
Ikkje einebærbusken, men rundt om... i kjøpesenteret!

Me skriv tjuetredje desember, folk har gått inn i 'julepsykosen'. Me ser dei overalt denne dagen; folk som ravar rundt som zombiar med vidopen lommebok og fjerne blikk. Innspurten av julehandelen betyr stress, mas og fulle butikkar. Og nokså tomme butikkhyller.

SSB har rekna ut at det vert omsett varer for vel 45 milliardar kroner i butikkane i desember i år. Fordelt per innbyggjar vil det seie at me handlar for 9 380 kroner per person denne månaden.

Samstundes viser tal frå Handels og Servicenæringens hovedorganisasjon at jula er høgtid for butikktjuvar. Det er eit stort svinn i butikkane i desember (heile 280 millionar kroner) på grunn av butikktjuveri. Kvar handledag i julemånaden stel folk varer for rundt 10 millionar kroner!

Utruleg og trist, men sikkert sant.

0 kommentarer: