28. desember 2009

Heider og ære til bygdeprofilar

Kvart år sidan 2004 har lesarane av Nationen bestemt kven som kan smykke seg med tittelen Årets bygdeprofil. Som tittelen fortel, skal vinnaren ha gjort noko spesielt for bygda og distrikta i året som snart er over, og som difor fortener denne tittelen. Av tidlegare prisvinnarar kan nemnast gründer Mikkel Dobloug, musikar Odd Nordstoga, ulvejeger Stine Iversen og Rognankompaniet.

Årets vinnarar er dansekompaniet Frikar. Desse danseglade karane vart kjende då dei dansa rundt Alexander Rybak under Melodi Grand Prix. Ein ”frikar” var opprinneleg ein som gjekk sine eigne vegar og dansa alle andre av golvet. Og det er nettopp det dansekompaniet har gjort. Under leiing av koreograf Hallgrim Hansegård har dei gjort kommersiell suksess av tradisjonell norsk dans i moderne innpakning. I Frikar finst det både breakdansarar, hallingdansarar, akrobatar og samtidsdansarar. Dansekompaniet har basen sin i Valdres.

Sjefredaktør Mari Velsand i Nationen meiner Frikar er ein verdig vinnar av prisen. – Dei representerer Distrikts-Norge på ein ypparleg måte, seier ho. Frikar fekk heile 26 prosent av stemmene og dobbelt så mange stemmer som nummer to fekk.

Operasjef Kari Standal Pavelich frå Nordfjordeid kom på andreplass med 16 prosent av stemmene. Standal Pavelich blei nominert for operahuset på Eid som ho er primus motor bak. Ho kom med ideen om ein opera i Nordfjord i 1997, og var den som starta suksessen.

Som nummer tre finn ein årets skyttarkonge, Vebjørn Berg, som fekk 14 prosent av stemmene. Fjerdeplassen gjekk til bonden Jan Erik Kjær, meir kjend som homsebonden i "Jakten på kjærligheten". Deretter følgjer "turbobudeia" Bodil Nordjore, Moods of Norway-karane Peder Børresen og Simen Staalnacke, LUFS-rådgjevar og grendeskule-forkjempar Torodd Fagerheim og småkraftpioner og elveeigar Trond Ryslett.

Alle desse personane har profilert Bygde-Norge på en aktiv og positiv måte i året som snart er omme. Alle har blitt kjende og synlege utanfor sitt eige lokalmiljø, sjølv om dei ikkje akkurat er blitt A-kjendisar. Norsk bygdekultur og heimbygdene kan vera stolte av desse bygdeprofilane.

0 kommentarer: