23. desember 2010

Sluttord

Det var moro ei stund. Sidan vart det eit slit å oppdatera Haugabloggen. Når ein skal ha ein blogg, er det naudsynt å oppdatera han med jamne mellomrom. Det siste året har det rett og slett ikkje blitt tid til dette.

Så no er det slutt. Haugabloggen vert ikkje oppdatert meir. Snikksnakk hadde egentleg bestemt seg for å sletta heile bloggen, men har vald å lata han bli. Statistikken fortel at det er nokre lesarar innom dagleg. Etter ein opprydding, er ein heil del av innhaldet blitt sletta. Dette var innlegg som hadde "gått ut på dato".

Snikksnakk takkar for seg. Kanskje det blir ein annan og ny blogg i framtida ein gong.

30. april 2010

Kirsebærtreet


Det stend eit tre i hagen
og sprikjer i vårkalde dagen
med skinande nysnjo-grein.
Det duskar mot stoveglaset
og drys over fjordgamle graset
blomane ein for ein.

Og det er kirsebærtreet
innafor hageleet
som blømar i tidleg vår.
Mot gråe kytjeveggen
luter det krokne leggen
og signar oss atter eit år.

Tusund angande blomar
brusar um tak og plomar;
heilagt og kvitt og stilt
skin det i døkke næter
og freden i tunet gjæter
-ei jartegn på vår og mildt.

Det speglar seg bljugt i strondi,
og minner um austerlondi,
um japanske hagar og dikt.
Det tøygjer toppen i tråe
mot alle snjofjell blåe
til vår i kulde vigt.

Olav H. Hauge, frå diktsamlinga Glør i oska (1946)

23. april 2010

Dinosauren og månen

En dinosaurus går på jorden
en liten en på fire tonn.
Den strever med å følge moren
hvorfor må hun løpe sånn?

Den går i vannet og forsvinner
månen ser den før den dør.
Og kloden faller mens den spinner
tiden trekker for sitt slør.

To hundre millioner år,
bevare meg som tiden går.

Men månen er den samme
selv om raketter drar opp dit
og tar med litt tilbake hit.
Månen er den samme,
og noen kommer dit og andre ei.
Men ikke syns jeg at jeg har det travelt med
å dra dit,
spør du meg.
Den dinosauren som vi kjenner,

blir forvandlet jevnt og trutt
i jordens dyp helt til den ender
opp som olje helt til slutt.

To hundre millioner år,
bevare meg som tiden går.

Men månen er den samme,
raketten setter dit sin kos
og brenner oljen til eksos.
Månen er den samme,
rakettens motor drives av vår venn.
Som takk for hjelpen kommer dinosauren
opp til himmelen.

-----------

Gustav Lorentzen, meir kjend som Ludvigsen, døydde brått onsdag 21. april.

Det er både trist og vedmodig. Dødsfallet har gjort sterkt inntrykk på folk i alle aldrar over heile landet.

23. mars 2010

Eit snev av sjølvinnsikt

Petter Pilgaard seier til VG at han ikkje har fortent kjendisstatusen sin.

Det har han heilt rett i.

7. mars 2010

Nye kostar kostar best

Det gjeld også for Norges fotballforbund. Yngve Hallén utklassa Sondre Kåfjord med 186 mot 69 stemmer på forbundstinget, og er blitt ny president i NFF.

Valkomiteen i Norges Fotballforbund innstilte Hallén som ny fotballpresident på tinget i haust. Kåfjord, som hadde trekt seg som kandidat, ombestemte seg og stilte likevel til gjenval. Vegen fram mot valet har vore prega av uro rundt nominasjonsprosessen.

Sogndal Fotball si nettside vert Yngve Hallèn gratulert på det varmaste: "Så har han hamna der han høyrer heime: På toppen av norsk fotball. For bygda Sogndal, for fotballfylket Sogn og Fjordane og for klubben Sogndal Fotball er dette ei stor ære."

Fotballtinget har i dag gjort eit godt val.
Lukke til Yngve!

12. februar 2010

Verdens eldste merkevare

Sunlight husholdningssåpe vart lansert i England i 1884 og vart då ein av dei fyrste internasjonale merkevara. På den tida var det vanleg å selje såpestykker i "metervis" (eller rettare sagt centimetervis), - kundane fekk kjøpa så mykje såpe dei ville av ei lang stang med såpe. Sunlight derimot, vart lansert med standard vekt og med sin eigen karakteristiske pakning. Marknadsføringa av såpa gjekk føre seg i alle media som fantest den gongen. Alt dette førte til at kundane kjende att produktet.

Sunlightsåpa var mjukare, skumma meir og løyste seg lettare opp enn dei andre såpene som fantest på marknaden. Sunlight vart ein stor suksess.

Produktet kom på den norske marknaden på 1920-talet, og i 1931 overtok Lilleborg produksjonen og namnerettane til Sunlight her i landet. For mange i Norge har Sunlight (som oftast vart kalla "Sunnlikt") vore sjølve symbolet på hygiene, og vore den leiande hushaldningssåpa i over 70 år. Trufaste brukarar har brukt såpestykket både til tøyvask, oppvask og anna reingjering.



No har produktet gått ut av produksjon hjå Lilleborg. Så me som har vakse opp med såpa får ta vare på minnet om den reine lukta - av nostalgi.

4. januar 2010

Krimbokåret 2009

Smaken er som baken, nemleg delt. For Snikksnakk er "terningkast seks" det same som at ho blir skeptisk. At for eksempel boka "Trist som faen" i si tid fortente ein slik score på terningen, var ho djupt usamd i.

I likskap med dama i det lille gule huset, har Snikksnakk ein uvilje mot å lese bøker som "alle" har lese og som "alle" rosar opp i skyene. Difor ligg både "Drageløperen" og "Tusen strålende soler" av Khaled Hosseini førebels på vent i bokhylla til Snikksnakk. Det same gjeld Øya av Victoria Hislop, samt bøkene til Per Pettersson. Kanskje desse bøkene blir leste i løpet av 2010? Kanskje ein skal prøva seg på bokprosjektet til Karl Ove Knausgård også?

Snikksnakk held seg stort sett til krim, som nordmenn flest. Kritikarroste forfattarar som Herbjørg Vassmo, Kjartan Fløgstad, Erlend Loe og Lars Saabye Christensen fristar ikkje. Gløym Hamsun, Kafka og Undset. Gje meg Nesbø, Staalesen og Larsson!

Det vert hevda at lesevanene våre er dramatisk endra dei siste åra. Me låner og kjøper nesten berre krim og spenning. Kriminallitteratur vert ofte sett på som dårleg eller lettvint litteratur. Å lese krimbøker vert av somme sett på som noko ukulturellt. Men faktum er at det finst mange gode grunnar til å lese krim. For det fyrste er krimlesinga ei avkobling frå trivialitetane i kvardagen og dermed ei avspenning for stress. For det andre vert samfunnsproblem og moralske spørsmål ofte sett på dagsorden i krimbøkene. Ein får kunnskap om sosiale tilhøve, historie og geografi. Ein får hjernetrim ved å prøve å løyse innvikla intrigar.

Dessutan får me i mange av bøkene bli kjende med hovudpersonar og heltar som me ser fram til å møta igjen og igjen. Me som les mykje norsk og svensk krim er etter kvart blitt godt kjende med Varg Veum, Cato Isaksen, Kurt Wallander, Gunnarstranda og Rebecka Martinsson. Me er blitt kjende med Michael Blomquist og Lisbeth Salander. Me ventar spente på neste bok om Annika Bengtzon, om van Veeteren, om Orla Os og om Konrad Sejer.

Snikksnakk kan oppsummere sitt personlege bokår slik:




  • Lest 34 bøker, alle ganske nye og alle innan sjangeren krim og spenning. Talet på leste bøker er truleg litt i underkant av eit normalår, for vanlegvis les Snikksnakk litt historiske romanar og litt biografiar, sportsbøker og dokumentarbøker innimellom all krimmen.



  • Bøkene er skrivne av nordiske og britiske forfattarar (Elizabeth George er egentleg amerikansk, men bøkene hennar er erkebritiske)



  • 15 norske, 15 svenske, 2 britiske og 2 islandske bøker



  • 4 bøker av Åsa Larsson, 3 bøker av Jorun Thørring og 3 av Camilla Läckberg.


Lista over bøker lest i 2009 ser slik ut:

Mons Kallentoft: Midtvinterblod
Yrsa Sigurdardottir: Det tredje tegnet
Henning Mankell: Den urolige mannen
Carin Gerhardsen: Pepperkakehuset
Rune Timberlid: Priseld
Knut Faldbakken: Senskade
Karin Fossum: Varsleren
Knut Faldbakken: Tyvene
Chris Tvedt: Rottejegeren
Torkil Damhaug: Se meg, Medusa
Jorun Thørring: Glassdukkene
Tom Egeland: Lucifers evangelium
Åsa Larsson: Til din vrede går over
Åsa Larsson: Svart sti
Arne Dahl: En midtsommernattsdrøm
Jorun Thørring: Skyggemannen
Kjell Ola Dahl: Svart engel
Kjell Ola Dahl: Den fjerde raneren
Unni Lindell: Mørkemannen
Jorun Thørring: Tarantellen
Johan Theorin: Nattefokk
Johan Theorin: Skumringstimen
Arnaldur Indridason: Fjellet
Liza Marklund: En plass i solen
Camilla Läckberg: Havfruen
Camilla Läckberg: Ulykkesfuglen
Camilla Läckberg: Steinhuggeren
P.D. James: Den siste pasienten
Rune Timberlid: Operasjon Siskin
Henning Mankell: Kineseren
Åsa Larsson: Spilt blod
Åsa Larsson: Solstorm
John Ajvide Lindquist: La den rette komme inn
Elizabeth George: Fare i rødt


28. desember 2009

Julestemning..

Kven kan vera meir julestemningskapande enn Timmy Gresshoppe?





When you wish upon a star
Makes no difference who you are
Anything your heart desires
Will come to you

If your heart is in your dream
No request is too extreme
When you wish upon a star
Like dreamers do

Fate is kind
She brings to those who love
The sweet fulfillment of
Their secret longing

Like a bolt out of the blue
Fate steps in and pulls you through
When you wish upon a star
Your dreams come true

27. november 2009

Farvel til Wallander

”Mord og kjærlighet er det eneste som er verdt å skrive om hvis du vil noe med å skrive.”
(sitat Henning Mankell)

Henning Mankell har skrive den siste boka der Kurt Wallander er hovudpersonen. Mankell tek ikkje "livet av" Wallander, men mot slutten av boka skjønnar me at det nærmar seg slutten på Wallander sitt yrkesaktive liv.

Tittelen på boka er "Den urolige mannen" og handlar om ein Wallander som er eldre og meir filosofisk enn i dei foregåande bøkene. Men det handlar også om ein Wallander som kjempar mot kriminalitet og alt som er urettvist i samfunnet.

Boka er spennande og interessant, men har eit langt rolegare tempo og har ein annan stemning enn andre Mankell-bøker. Det er som om den aldrande Kurt set sitt preg på romanen. "Den urolige mannen" er m.a. ein roman om det å bli gammal. Wallander blir bestefar, og han ser attende på livet sitt samstundes som han tenkjer mykje og ofte på døden. I boka er det mange tilbakeblikk på hendingar i dei andre bøkene i serien om Wallander.

I tillegg er dette ein politisk spenningsroman. Stikkord er spionasje, den kalde krigen, austeuropeiske leigemordarar og høgreekstremisme.

Henning Mankell har skrive ei engasjerande bok og eit vemodig farvel med Kurt Wallander.

19. november 2009

«Totusenogti» eller «tjueti»

Både Språkråd-direktør Sylfest Lomheim og kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas har slått fast at året me går inn i om seks veker skal uttalast «totusenogti». Dette vert no debattert – også i NRK.

2009 er «totusenogni», fordi det er enklare å seie enn «tjuenullni». Difor er det truleg at 2010 kjem til å heita «tjueti», fordi det er lettare å seie enn «totusenogti».

Men berre tida vil vise kva som blir det "rette", altså kva folk flest kjem til å seie.

28. oktober 2009

Ronny og Tommy går oftast konkurs

Proff Forvalt har laga ein oversikt over kva namn som er vanlegast i konkursråka bedrifter. Namn på dagleg leiar er sortert opp mot alle dei 6.174 konkursene i løpet av det siste året, skriv E24.

Nedslåande lesing for alle Ronny'ane og Tommy'ane som går på BI og NHH, skulle ein tru.

21. oktober 2009

Smalahove - frå kvardagsrett til kultrett

Frå å vera ein spesiell og lokal tradisjon i Vossetraktene og i sognebygdene, er smalahove no blitt mat med kultstatus. Utsjånaden på matretten er ekkel for dei fleste av oss, men er eksotisk og spennande for andre. Smalahove er ikkje noko anna enn røykt og/eller salta kjøtt, einaste skilnaden er at kjøtet framleis er på kraniet når det vert servert.

I gamle dagar var smalahove kvardagskost. Det var ikkje overflod av mat den gongen, og ein måtte nytte absolutt all mat på dyra. Smalahove har lang tradisjon på Vestlandet. På Voss er det tradisjon å røykja hovuda, i Sogn er det mest vanleg å salta dei.

På Voss vert lammehovuda vert vanlegvis svidde for å få vekk ulla. Deretter vert hovuda kløyvde og hjernen reinska vekk før ein saltar og ofte røykjer i røykhus. Når ein skal servera smalehove vert dei fyrst vatna ut i eit døgn og sidan kokte i om lag tre timar.

Sjå innslag frå NRK Hordaland der 8-åringar på Voss syner korleis dei skal svi ull og kløyva hjerner! Her snakkar me verkeleg om matkultur og lokale tradisjonar.

Alle som er interesserte i lokale mattradisjonar frå Voss kan finna mykje nyttig og artig på Smalahoveportalen

16. oktober 2009

Dette er dessverre interessant

Direktør i språkrådet, Sylfest Lomheim, refsar journalistar på internett for dårleg rettskriving. Han meiner det er altfor mange feil i norske bøker, aviser og publikasjonar.

Det vanskelegaste ordet er dessverre, viser statistikken til Bokmålsordboka på nett. Ymse variantar av ordet interesse, som interessert og interessant, er også høgt oppe på statistikken. Sylfest Lomheim meiner folk bør bli flinkare til å slå opp ord dei er usikre på. Som dessverre og interessant.

Eit googlesøk på feilstavinga desverre gjev heile 557.000 treff. Eit nyhendesøk på den same feilstavinga gjev 39 treff. Her finn me treff på nettsidene til både NRK, TV2, Dagbladet og VG.

For moro skuld gjorde Snikksnakk eit søk på desverre i den elles så korrekte Aftenposten. 317 treff. Dessverre!

21. september 2009

Kven er farga?

Her er eit par vers til ettertanke. Forfattaren er ukjend.

Hvem er farget?

Da jeg ble født var jeg svart
Når jeg fryser er jeg svart
Når jeg er varm er jeg svart
Når jeg er syk er jeg svart
Når jeg er redd er jeg svart
Når jeg dør er jeg svart

Da du ble født var du rosa
Når du fryser er du blå
Når du er varm er du rød
Når du er syk er du grønn
Når du er redd er du hvit
Når du dør er du lilla

Og du kaller meg farget!

8. september 2009

"Pick your artist"

Her er ein artig liten quiz eller leik som har vandra rundt på internettet, - på Facebook og diverse andre nettsider, - og i bloggar (sjå eksempel hos Skaperen og Sexys metode)

"My life in song titles.

Using only song names from ONE ARTIST. Try not to repeat a song title. It's harder than you think."

"My life according to R.E.M."

Pick Your Artist: R.E.M.

Are you male or female: The one I love
Describe yourself: Supernatural Superserious
Describe where you currently live: (Don't Go Back to) Rockville
How do you feel about yourself: Imitation of life
Your best friend is: Superman
Your favorite colour is: Orange crush
Your favorite form of transportation: High Speed Train
What’s the weather like: I'll take the rain
Favorite time of day: Nightswimming
If your life was a tv show, what would it be called: Man on the Moon
If you could go anywhere, where would you go: All the way to Reno
What is the best advice you have to give: Everybody hurts
If you could change your name, what would it be: Shiny happy people
Your favorite food is: Animal
Thought for the Day: Bad day
How I would like to die: It's the End of the World as We Know It (and I Feel Fine)
My soul’s present condition:Losing my religion
My motto: Living Well Is The Best Revenge